Produktdetaljer
  • Varenummer: CP2618NN
  • Kategori: Blandet kor , Kirke
  • Produkttype: Fysisk
  • Besetning: SATB
  • Instrument: Orgel
  • Tema/Sjanger: Salmer, religiøse sanger & kirkemusikk
  • Komponist: Eilert Tøsse

Ein ny song for Herren hefte nr. 2 - Openberrinstida (Nynorsk)

Kategori: Blandet kor , Kirke
Besetning: SATB
Instrument: Orgel
Komponist: Eilert Tøsse


Bibelske salmar til gudstenestebruk. Nynorsk.
Føreord



I «Framlegg til Ny ordning for hovudgudsteneste i Den Norske Kyrkja» vert det opna for

bruk av bibelsk salme / poetisk bibeltekst i form av «Salme for dagen» Dette dreier seg i

all hovudsak om kortare utsnitt frå Salmane, i nokre tilfelle også tekstar frå profeten Jesaja,

Evangeliet etter Lukas og Paulus 2. brev til Timoteus. I tillegg kjem nokre gjendiktingar

avbibeltekstar, som er nytta tidlegare i liturgiske songar (NoS og Salmer 1997). Dette

tekstutvalet omfattar både kyrkjeårstider og spesielle dagar. Alle salmane i denne samlinga har

desse tekstane som utgangspunkt.



Generelt om salmane, oppbygging, framføring o.l.

Felles for salmane i heftet er omkvedet, som er meint å verta sunge av heile kyrkjelyden.

Dette vert først sunge av koret, helst a capella, deretter av kyrkjelyd og kor, med tonefølgje av

orgel. Omkvedet vert teke opp att etter kvart vers (heretter kalla «salmodi»). Diskantstemma

(i omkvede som i salmodi) kan utførast både vokalt og instrumentalt. Har ein ikkje kor,

kan liturgen eller ein føresongar presentera omkvedet og syngja salmodiane. Det er viktig at

kyrkjelyden har både tekst og notar til omkvedet, fordi dette aukar sjansen for kyrkjelyden sin

medverknad monaleg.



Salmodiane kan utførast både unisont med orgel og fleirstemt a capella (orgel ad lib.). I

situasjonar der ein korkje har fleirstemmig kor eller orgel (t.d. i mindre kapell, husfellesskap,

leirsamanheng) kan òg salmane i sin heilskap verta framført unisont a capella. I slike mindre

samanhengar kan ein gjerne også prøva å få alle med både på salmodi og omkvede.



Om tonespråk m.a.

Ved val av tonespråk har målet heile tida vore å finna fram til taktartar og musikalske vendingar

som er gode å syngja og som er eigna til å bera fram tekstane på ein truverdig måte. Det er med

stor glede og forventning eg no presenterer desse salmane, med von om at dei vil verta flittig

brukte; framførde til Guds ære og til glede og oppbygging for kyrkjelydane.



Tysse, november 2008

Eilert Tøsse



Innhald:

Kom, lat oss bøya oss og tilbe Kristi openberringssundag s. 4

Med fagnad skal de ause vatten 2. sundag i openberringstida s. 6

Hjå deg 3. sundag i openberringstida s. 7

Eit nyskapt folk 4. sundag i openberringstida s.8

Gjev Herren den ære 5. sundag i openberringstida s. 9

Eg er glad 6. sundag i openberringstida s. 11

Gjev Herren må senda s miskunn 7. sundag i openberringstida s. 12

Vend deg til meg Såmannssundag s. 14

God og rettvis er Herren Vingardssundag s. 15

  • Varenummer: CP2618NN
  • Kategori: Blandet kor , Kirke
  • Produkttype: Fysisk
  • Besetning: SATB
  • Instrument: Orgel
  • Tema/Sjanger: Salmer, religiøse sanger & kirkemusikk
  • Komponist : Eilert Tøsse

Produkttype
Fysisk Fysisk Digital Digital
Tilgjengelig
kr 229,00
Inkl. MVA
Du har lagt produktet i handlekurven
Ein ny song for Herren hefte nr. 2 - Openberrinstida (Nynorsk)
1 x kr 0,00
Fysisk Fysisk
kr 0,00
Loading...