Produktdetaljer
  • Varenummer: CP4124-3
  • Kategori: Blandet kor
  • Produkttype: Fysisk
  • Besetning: SATB
  • Komponist: Tord Kalvenes

La alt Bergen fare - SSATBB

Kategori: Blandet kor
Besetning: SATB
Komponist: Tord Kalvenes


Stykket La alt Bergen Fare bygger på eit tekstutdrag av Erlend Nødtvedts bok Bergens Beskrivelse (2011) og er skreve på bestilling av Kammerkoret Gneis. Nødtvedt skriv eit språk som er både gamalt og nytt. Det er særs interessant å lese korleis det bergenske språk blir integrert inn i eit oldtidsspråk. Den litterære stilen er både rebelsk, alternativ, moderne og neo-klassisk, og det gjer store moglegheiter til å framstille det musikalske uttrykket på ein variert måte. Tittelen "La alt Bergen fare" er teken ut frå idèen om Nødtvedt sin språklege og tematiske idè om å samanbinde fortid og notid inn i eit flytande og forvirrande tilvære. Den musikalske stilen er først og framst moderne, men har også fleire trekk med henvisningar til polyfoni og kontrapunktiske prinsipp, til dømes frå rennessanse-/barokkstil. Tonemåling står sentralt i utforminga av stykket gjennom metaforbruken. Stykket har i hovudsak ein intro og 5 deler med forskjellig tematisk materiale. Likevel kjem fleire satstekniske og harmoniske idèar igjen, slik at stykket har ein rekapitulerande formtanke. Harmonikken er ein kombinasjon av dur og moll med eit vandrande tonalt senter og innslag av poly- og heiltoneakkordikk. Stykket har planlagt premiere våren 2017, og er ein del av prosjektet "Bergens Besyngelse", der fleire komponistar bidrar med verk med tekstutdrag henta frå same bok. Tord Kalvenes, 17.10.2016

  • Varenummer: CP4124-3
  • Kategori: Blandet kor
  • Produkttype: Fysisk
  • Besetning: SATB
  • Komponist : Tord Kalvenes

Produkttype
Digital Digital Fysisk Fysisk
Tilgjengelig
kr 49,00
Inkl. MVA
Du har lagt produktet i handlekurven
La alt Bergen fare - SSATBB
1 x kr 0,00
Fysisk Fysisk
kr 0,00
Loading...