Produktdetaljer
  • Varenummer: 9790261023788
  • Kategori: Orgel
  • Produkttype: Fysisk
  • Sideantall: 26
  • Besetning: Solo
  • Format: Partitur
  • Instrument: Orgel
  • Tema/Sjanger: Klassisk og samtidsmusikk
  • Komponist: Sverre Eftestøl

På gamle tufter 2 - Orgel

EFTESTØL, SVERRE

Kategori: Orgel
Besetning: Solo
Instrument: Orgel
Komponist: Sverre Eftestøl

Innhold (med lenker til innspillinger):

Bruremarsj etter Martin T. Eftestøl
Åkrogjen II etter Trygve Eftestøl
Springar etter Anders i Knaben
Trippar II etter Lars Mjåland
Griffenfeldt etter Trygve Eftestøl
Bruremarsj etter Trygve Eftestøl

Forord:

Stykka i dette opuset inneheld arrangement og komposisjonar, tufta på tradisjonsmusikk frå Vest-Agder. I nokre av stykka har eg tilført nytt materiale som gjer at dei skil seg vesentleg frå originalversjonen.

Bruremarsj etter Martin Tolleison Eftestøl (1868-1935)
Bruremarsjen byggjer på ei nedteikning av Ole Mørk Sandvik (1875-1976). Han skreiv ned slåtten då han vitja Martin T. Eftestøl på garden Risnes i 1922.

Åkrogjen II etter Trygve Eftestøl (1901-1993)
Namnet «Åkrogjen» tyder «ein sving på elva». Trygve Eftestøl fortalde at melodien vart til ein Fin jonsokkveld i 1925. Den byggjer på mi eiga nedteikning.

Springar etter Anders i Knaben (1891-1970)
Opphavleg er dette ein springar etter Anders i Knaben i tradisjon etter Trygve Eftestøl. Den byggjer på mi eiga nedteikning.

Trippar II etter Lars Mjåland (1888-1965)
Trippar etter Lars Mjåland frå Åseral som høyrer med til Ole Mørk Sandvik sine samlingar av folkemusikk frå Agder. Truleg blei slåtten nedskriven på 1920-talet.

Griffenfeldt etter Trygve Eftestøl
Opphavleg er dette ein reinlender slik eg høyrde han blei spela av far min. Den byggjer på mi eiga nedteikning.

Bruremarsj etter Trygve Eftestøl
Denne bruremarsjen var den mest brukte i bryllaup i Fjotland. Frå barneåra minnest eg at far min tidt spela denne marsjen, både heime, i fest og i bryllaup. Den byggjer på mi eiga nedteikning.

Alle slåttane blei spela på vanleg fele.

Framsideillustrasjon: Kisteportal måla av Gudtorm Person Eftestøl (1779-1856)
NORSK FOLKEMUSEUM

Kvinesdal i mai 2017
Sverre Eftestøl

  • Varenummer: 9790261023788
  • Kategori: Orgel
  • Produkttype: Fysisk
  • Sideantall: 26
  • Besetning: Solo
  • Format: Partitur
  • Instrument: Orgel
  • Tema/Sjanger: Klassisk og samtidsmusikk
  • Komponist : Sverre Eftestøl

Videoeksempel
Produkttype
Fysisk Fysisk
Tilgjengelig
kr 217,00
Inkl. MVA
Du har lagt produktet i handlekurven
På gamle tufter 2 - Orgel EFTESTØL, SVERRE
1 x kr 0,00
Fysisk Fysisk
kr 0,00
Loading...